Fjerna linjeskift

Bruk funksjonen autoretting for å fjerna linjeskift inne i setningar. Uønskte linjeskift kan verta sette inn når du kopierer tekst frå ei anna kjelde og limar han inn i eit tekstdokument.

Merknadsikon

Denne autorettefunksjonen verkar berre på tekst som er formatert med avsnittsstilen «Standard».


  1. Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting.

  2. Pass på at Slå saman avsnitt med ei linje dersom dei er lenger enn 50 % er vald på fana Instillingar. For å fjerna miniumsprosentandelen for linjelengda, dobbeltklikk på valet i lista og skriv inn ein ny prosentandel.

  3. Trykk OK.

  4. Vel teksten som inneheld dei linjeskifta du vil fjerna.

  5. Vel «Standard» i feltet Legg til stil i Format på verktøylinja.

  6. Vel Verktøy → Autoretting → Bruk.