Opna dokument

Opna eit eksisterande dokument

  1. Gjer éin av desse:

    Vel Fil → Opna.

Vel Filer → Opna ekstern fil

Trykk ei stund på symbolet Opna på standardverktøylinja og vel Opna ekstern fil nedst i lista.

  1. Merk fila du vil opna og trykk på Opna.

Avgrens kva filer som skal visast

For å avgrensa kva filer som skal visast i dialogvindauget Opna til ein bestemt type, vel filtype i lista Filtype. For å visa alle filene, vel Alle filer.

Markørplassering

Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.

Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i → LibreOffice → Brukardata.

  1. Trykk Shift + F5 for å setja markøren til den siste lagra posisjonen.

Opna eit tomt dokument

Trykk på knappen Ny på standardverktøylinja eller vel Fil → Ny. Dette opnar eit dokument av den angjevne dokumenttypen.

Viss du trykkjer på pila ved sida av knappen Ny, kjem det opp ein undermeny der du kan velja ein annan dokumenttype.

Fildialogvindauge for systemet eller LibreOffice-dialogvindauge

På dei fleste operativsystema kan du bruka systemfildialogvindauge eller LibreOffice-dialogvindauga.

LibreOffice-dialogvindauget støttar nedlasting og opplasting ved bruk av sikre HTTPS-tilkoblingar.

Opna filer frå ein vevtenar

Du kan skriva inn ein URL i skrivefeltet Filnamn i dialogvindaugetOpna. Nettadressa må byrja med «file:///», «ftp://» eller «http://».

Viss du bruker LibreOffice-dialogvindauget, du kan bruka HTTPS://-prefiksen for ei sikker tilkopling og du kan lagra eit dokument på vevtenaren.