Endra standardmalar

Når du opnar eit nytt dokument med Fil → Ny vert det opna eit tomt dokument basert på ein LibreOffice-mal. Du kan redigera, forandra eller byta ut denne malen, så det nye dokumentet inneheld dei tilpassa stilane dine eller anna innhald.

Tilpassa standardmalar

Merknadsikon Du kan laga ein dokumentmal for kvar LibreOffice-modul. Nedanfor vert det vist korleis du kan laga ein mal for tekstdokument.

  1. Lagra dokumentet ved å velja Fil → Malar → Lagra som mal og lagra dokumentet i kategorien Mine malar.

  2. Vel Fil → Ny → Malar.

  3. Dobbeltklikk på Mine malar i lista. Du kan nå sjå dei tilpassa malane som er lagra i brukarmappa som er definert i → LibreOffice → Stiar. Vel malen du nettopp lagra.

  4. Vel Bruk som standard. Neste gong du opnar eit nytt dokument vil dokumentet vere basert på den nye standardmalen.

Slik bruker du eigne malar

Det er fleire måtar å gjera arbeidet lettare på ved å bruka eigne, sjølvdefinerte malar.

Malar i malmappa

Du kan lagra ein ny mal med Fil → Malar → Lagra som mal eller velja filtypen «mal» i nedtrekkslista i lagringsvindauget. Lagra malen i brukarmappa som er definert i → LibreOffice → Stiar slik at du har tilgang på malen frå dialogvindauget Fil → Ny → Malar.

For å opna ein mal for redigering, vel Fil → Ny → Malar, merk malen og klikk på knappen Rediger.