Sikker modus

Sikker modus er ein modus der LibreOffice vert opna med ein ny brukarprofil og fråkopla maskinvareakselerasjon. Dette kan vere til hjelp for å gjenopprette ein installasjon av LibreOffice som ikkje fungerer..

For å bruka denne funksjonen …

Vel Hjelp → Start på nytt i sikker modus …

Start LibreOffice frå kommandolinja med valet --safe-mode

Start LibreOffice frå LibreOffice (Sikker modus) i startmenyen (berre i Windows)


Kva kan eg gjere i sikker modus?

Når du startar programmet i sikker modus, kjem det opp eit dialogvindauge med tre ulike val for å gjenopprette brukarprofilen.

Hald fram i sikker modus

Dette valet gjer at du kan arbeida med LibreOffice slik du er van med, men med ein førebels brukarprofil. Dette betyr også at alle endringane som vert gjort i brukarprofilen forsvinn når du startar på nytt.

Start på nytt i normalmodus

Vel du Start på nytt i normalmodus går LibreOffice ut av sikker modus og startar på nytt i normalmodus. Alle endringar vert borte. Bruk dette valet om du kom hit ved eit uhell.

Bruk endringane og start på nytt

Dialogvindauget tilbyr mange endringar i brukarprofilen som kan vere til hjelp ved gjenoppretting av LibreOffice til det vanlege oppsettet. Dei vert meir ytterleggåande ovanfrå og nedover, så du bør velje dei i den rekkefølgja. Dette valet vil ta i bruk dei valde endringane.

Gjenopprett frå reservekopiar

LibreOffice lagrar reservekopiar av tidlegare oppsett og aktiverte utvidingar. Bruk dette valet for å velja eit tidlegare brukt oppsett dersom problema ser ut til å ha oppstått etter nylege endringar i oppsettet eller frå nyleg installerte utvidingar.

Set opp

Du kan slå av alle utvidingane som er installerte av brukaren. Du kan også slå av maskinvareakselerasjonar. Slå på dette valet dersom du opplever krasj eller visuelle feil ved oppstart. Desse er ofte relaterte til maskinvareakselerasjonar.

Avinstaller utvidingar

Av og til kan det hende at LibreOffice ikkje startar fordi det vert blokkert av utvidingar som ikkje verkar som dei skal. Med dette valet kan du slå av alle utvidingane installerte av brukaren og dei som er delte eller leverte saman med programmet. Du bør vere nokså varsam om du slår av delte eller innebygde utvidingar. Dette verkar berre dersom du har dei nødvendige systemrettane.

Gjenopprett til fabrikkinnstillingane

Dersom alt anna feilar, kan du setje brukarprofilen attende til fabrikkinnstillingane. Det første valet Tilbakestill innstillingane og brukartilpassingar tilbakestiller alle brukarinnstillingane og endringar i brukargrensesnittet, men endrar ikkje den private ordlista di, malar og liknande. Det andre valet vil tilbakestille heile profilen til slik han var då LibreOffice vart installert.

Tipsikon Dersom du ikkje fekk løyst problema ved å bruke sikker modus, trykk på Avansert. Der vil du finne vidare instruksar om korleis du går fram for å få meir hjelp.

Tipsikon Vis du ønskjer å rapportere eit problem med brukarprofilen, trykk på Lag zip-arkiv av brukarprofilen for å lage ei zip-fil som kan lastast opp til feil-systemet og såleis verta granska av utviklarane.

Åtvaringsikon Ver merksam på at profilen kan innehalde sensitiv informasjon som for eksempel den private ordlista di, innstillingar og installerte utvidingar.