Eksklusive VBA-funksjonar

LibreOffice Basic legg til dette funksjonssettet når støtte for VBA vert slått på.

Desse eksklusive VBA-funksjonane vert slått på når Option VBASupport 1 er sett inn framføre den første makroen i ein LibreOffice Basic-modul.

Tekstfunksjonar

AscW-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer Unicodeverdien for det første teiknet i eit strenguttrykk.

ChrW-funksjonen [Runtime - VBA]

Returnerer Unicodeteiknet som høyrer til den oppgjevne teiknkoden.

InStrRev-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer plasseringa av ein streng inne i ein annan streng, rekna frå høgre side av strengen.

StrReverse-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer strengen med omvendt rekkjefølgje på teikna.

Finansielle funksjonar

DDB-funksjonen [køyretid - VBA]

Reknar ut avskrivinga av ein verdigjenstand for ein bestemt periode ved hjelp av aritmetisk-degressiv avskriving.

FV-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer sluttverdien av ei investering ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats (sluttverdi).

IPmt-funksjonen [køyretid - VBA]

Reknar ut den periodiske avskrivinga på ei investering med jamleg betaling og fast rentesats.

IR-funksjonen [køyretid - VBA]

Reknar ut den interne renta for ei investering.

MODIR-funksjonen [køyretid - VBA]

Reknar ut den endra interne avkastingsraten for ei rekkje investeringar.

PERIODETAL-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer talet på periodar for ei investering eller eit lån.

NNV-funksjonen [Køyretid - VBA]

Reknar ut noverdien av ei investering ut frå ein bestemt diskontosats og ein serie med innskot og tilbaketrekkingar.

Pmt-funksjonen [køyretid - VBA]

Reknar ut dei konstante periodiske betalingane for eit lån eller ei investering.

PPmt-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer betalingssummen til oppdragsgjevaren for ein gjeven periode ut frå ei periodisk, konstant betaling og ein fast rentesats.

NOVERDI-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer noverdien av ei investering ut frå ein serie faste betalingar.

Rate-funksjonen [Køyretid - VBA]

Returnerer noverdien av ei investering ut frå ein serie faste betalingar.

LINAVS-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer den lineære avskrivinga på ein verdigjenstand over ein periode. Storleiken på avskrivinga er fast i avskrivingsperioden.

ÅRSAVS-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer den aritmetisk minkande avskrivingsrenta.

Dato- og klokkeslettfunksjonar

FormatDateTime-funksjonen [køyretid - VBA]

Brukar eit dato- og/eller klokkeslettformat på eit datouttrykk og returnerer resultatet som ein streng.

MonthName-funksjonen [køyretid - VBA]

Funksjonen MonthName returnerer det lokale månadsnamnet for det gjevne månadsnummeret.

WeekdayName-funksjonen [køyretid - VBA]

Funksjonen WeekdayName returnerer namnet på den oppgjevne vekedagen.

I/O-funksjonar

Input-funksjonen [køyretid - VBA]

Returnerer den opne straumen frå inndata eller ei binærfil (streng).

Matematiske funksjonar

Round-funksjonen [køyretid - VBA]

Funksjonen Round rundar av eit tal til eit spesifisert tal på siffer.

Objektfunksjonar